Lars Vaular/ Vossa Jazz

Det er ti år sidan Lars Vaular slapp debutalbumet «La Hat», med Bergen-anthem’et «Eg E Fra Bergen» i spissen. Sidan då har han gong på gong befesta sin posisjon som ordsmed, hitmakar og liveartist av aller høgaste rang.

Utfordringa av normane innan hiphop-sjangeren er noko som definerer Lars Vaular

som rappar og artist. Grensene mellom rap og song, hiphop og pop, kunst og underhaldning og gangster og mjuk mann vert viska ut i musikken til Vaular. Dette gjeld ikkje minst dei to nyaste mixteipane hans. I «Loading…» og «Loading…2» smelter uanstrengt ordkunst, hardtslåande rap, autotune-vokal, nostalgi, bosniske beats og pop-hooks saman til ein uimotståeleg heilskap. Me tek Vaular på ordet i «Loading Beat 03»:

Gangster vil være rapper
Rapper vil være gangster
Eg e verken eller
Eg e straigth kunstner

Me gler oss til å hoppe rett opp og ned med solbriller på saman med Lars Vaular under Vossa Jazz 2018!

Lars Vaular – vokal
Frode Kvinge Flatland – bass, synth
Kjetil Møster – saksofon, synth
Girson Dias – vokal

Konserten inngår i billetten huskort fredag. Du kan ikkje kjøpa billett til berre denne konserten.

▼ Show More Information

Vangsgata 6, 5700
Vossavangen
23 March , Friday 23:00

More Events Nearby

 07 August , Tuesday
 Skydive Voss, Vossevangen
 03 August , Friday
 VossVind, Vossevangen
 15 August , Wednesday
 Granvin, Norway, Granvin
 16 August , Thursday
 Voss kommune, Voss
 03 August , Friday
 Skydive Voss, Vossevangen