Fotballkamp herrer: Vaksdal - Dale

Vaksdal IL ynskjer vel møtt til lokaloppgjer i fotball mellom A-laga til Vaksdal og Dale.

Her er det kamp om ære og tabellplasseringar heilt i toppen av tabellen.
Før kampen leiar Dale 6.divisjon, avdeling1, og er allereide klare for opprykk til 5. divisjon. Vaksdal ligg 3 poeng bak, med ein kamp mindre

spelt. Me gratulerer Dale med opprykket.

Det ligg såleis an til ein svært spanande innspurt og kamp om fyrsteplassen i avdelinga. Vaksdal treng 3 poeng på dei tre siste kampane for å sikre andreplass og opprykk, men har òg god moglegheit til å vinne avdelinga med siger over tabelleiar Dale.

Tilsvarande kamp på Geitabakken i vår vart ein svært spanande batalje, der Dale til slutt trakk det lengste strået med 4-3 siger. Vaksdal har etter den kampen gjort reint bord med 8 sigrar på rad og 37-7 i målskilnad. Vaksdal har såleis vore det klare formlaget i avdelinga etter Dale-kampen i vår.

Men fotballen er rund, og sesongen samla sett skillar svært lite mellom dei 2 laga. Ser me vekk frå nettopp lokaloppgjerskampen i vår, har Dale på dei andre kampane spelt inn 30 poeng med 23 plussmål i protokollen medan Vaksdal òg har spela inn 30 poeng med 25 plussmål i protokollen. Alt ligg såleis an til ein svært spanande kamp laurdag 14. oktober.

Ikkje la denne storkampen gå frå deg. Møt opp og støtt DITT lag i kampen om heder og ære, og topplassering på tabellen :)

Praktisk informasjon:

Parkering:
Parkeringsplassen nedom idretten, ved Vestlandske industrimontasje vis a vis parkeringsplassen til idretten, ved Vaksdal barnehage på Tveitane, ved Profil montasje på Brualeitet samt evt ved Vaksdal senter og/eller Vaksdal skule ved behov.

Open kiosk.

Det er som vanleg gratis tilgjenge på fotballkamp på Vaksdal idrettspark.

Arrangement på Vaksdal idrettspark er barne- og familievenlege. Det er ikkje høve til å nyte alkohol på Vaksdal idrettspark.

▼ Show More Information

Krekane 19, 5725
Vaksdal
14 October , Saturday 15:00

More Events Nearby

 21 December , Thursday
 Åsane kirke - Åsane menighet, Ulset
 11 January , Thursday
 Kom og Dans Bergen, Bergen
 20 December , Wednesday
 Just Breathe Movement, Bergen
 07 January , Sunday
 Just Breathe Movement, Bergen
 25 December , Monday
 Valestrandsfossen, Norway, Valestrandsfossen
 15 January , Monday
 Nr1 Fitness Åsane, Åsane
 15 January , Monday
 Kulturhuset Gimle, Bergen
 03 January , Wednesday
 One Slow Yogi, Bergen
 17 January , Wednesday
 Grand Hotel Terminus, Bergen
 20 December , Wednesday
 Bergen, Norway, Sandviken
 17 January , Wednesday
 Colonialen Matbar, Bergen
 19 December , Tuesday
 God-Tur.no, Bergen
 31 December , Sunday
 Valestrandsmarka Rundt, Valestrandsfossen
 23 December , Saturday
 AdO Arena, Bergen
 19 December , Tuesday
 Bergen, Norway, Sandviken
 08 January , Monday
 Medisinsk Yoga Åsane, Bergen
 08 January , Monday
 Vestlandets naturistforening, Bergen
 27 December , Wednesday
 Valestrand skule, Valestrandsfossen
 26 December , Tuesday
 Valestrandsmarka Rundt, Valestrandsfossen
 20 December , Wednesday
 Landås bibliotek, Bergen
 10 January , Wednesday
 Pergola mat og Vinbar, Bergen
 26 December , Tuesday
 Bergen, Norway, Sandviken
 27 December , Wednesday
 Tveit Ungdomslag, Tysse
 09 January , Tuesday
 Værelse, Bergen
 10 January , Wednesday
 Colonialen Matbar, Bergen