Folket si Røyst etter klimaforhandlingane: Kan små grupper velte store lass?

Ein ny klimaavtale er på plass etter Paris. Men kva skjedde EIGENTLEG under forhandlingane? Og kva for ei rolle spelar grasrota i tida framover?

I mykje av debatten kan det høyrest us som me berre må justere marknadsmekanismane litt for å komme i “mål” med omstillingen for å hindre klimaendringene.

Men er det så enkelt? Korleis arbeider ulike grupper, frå miljøorganisasjonar til kunst og akademia, for å gjere ein forskjell? Og kan eigentleg små grupper påverke store, treige prosessar på internasjonalt plan?

Éin månad etter klimaforhandlingane i Paris og som ein del av Bergensprogrammet for Klimafestivalen § 112, inviterer Røyst, i samarbeid med Litteraturhuset i Bergen, til samtale og debatt om kva som har skjedd innanfor og utanfor maktens korridorar. Me har invitert folk som har vore til stades i Paris for å diskutere kven sine stemmer som er blitt høyrd, og korleis det mobiliserast for å stanse den globale oppvarminga.

Panelet er samansett av ei rekke ulike røyster som har vore både i forhandlingslokala og saman med sivilsamfunnet i gatene. Miljøorganisasjonar, akademia, kunst og politikk miksast saman i ei herleg blanding. Saman vil dei reflektere over strategiar og framtidsvisjonar for klimarørsla.

Anna Kvam, Miljøpartiet dei grøne og Klassekampen-korrespondent frå klimaforhandlingane
Tina Andersen Vågenes, sentralstyret i Natur og Ungdom som sendte ein stor delegasjon i buss til Paris
Camilla Agnethe Borrevik, stipendiat i sosialantropologi ved UiB og i delegasjonen til ei av øygruppene under forhandlingane
Eirik Wichstad, utsending frå Rød Ungdom og deltakar i eit samarbeidsprosjekt med andre ungdomsorganisasjonar om Nord/Sør-problematikken i klimaavtalen.

Me lovar ein spennande kveld med historiar og innblikk som tek temperaturen på kva som eigentleg skjedde i Paris!

Litteraturhuset i Bergen: http://litthusbergen.no

Klimafestivalen § 112: https://www.facebook.com/klimafestivalen112/?fref=ts

▼ Show More Information

Østre Skostredet 5-7, 5017
Bergen
18 January , Monday 19:00

More Events Nearby

 17 November , Saturday
 USF Verftet, Bergen
 20 November , Tuesday
 Grieghallen, Bergen
 22 November , Thursday
 USF Verftet, Bergen
 21 November , Wednesday
 Grieghallen, Bergen
 07 December , Friday
 Bergen, Norway, Bergen
 24 November , Saturday
 Grieghallen, Bergen
 03 December , Monday
 Dovile Matt Nail Academy, Bergen
 17 November , Saturday
 Bergen Internasjonale Kultursenter, Bergen
 30 November , Friday
 KODE, Bergen
 28 November , Wednesday
 MadamFelle, Bergen